Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innsyn

Velkomen til Fyresdal kommunes offentlege postjournal på nett. Journalen inneheld ei oversikt over inngåande og utgåande post i kommunen, dvs. informasjon om dokument for alle avdelingane. Unnataket er det som er klient,- brukar- eller pasientretta. Her gjeld partsinnsyn og er heimla i forvaltningslova § 18. 

Postjournalen er tilgjengeleg to dagar etter at dokumentet er registrert.

Opplysingar om dokument som er tre månader eller nyare, kan du søkje fram direkte på eInnsyn og fylle ut bestillingsskjema. Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf. offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Du kan krevje innsyn i dokument som er eldre enn tre månadar skriftleg eller munnleg jf. offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.

Avslag på krav om innsyn vil kome skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32. Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.