Hamaren Aktivitetspark gjekk i dag heilt til topps då International Design Award gjekk av stabelen på videotenesta Zoom, direkte frå Japan!

Det var 54 deltakarar frå 9 forskjellige land med i konkuransen, og Hamaren vann tittelen Grand Award, som er den gjævaste prisen. Det er International Association for Universal Design (IAUD) som delar ut prisen. IAUD International Design Award er ei årleg prisutdeling der universell utforming står i høgsetet. Les meir om International Design Award på IAUD si nettside

Fyresdal kommune delar prisen med Faun Naturforvaltning som har vore prosjektleiar, med arkitekt for fjellbrua, Sør Arkitekter, Byggmester Inge Aamlid som har stått for mykje av utforminga, og Feste Landskap Arkitektur som designa Klokkarhamaren saman med elevar frå Gimle skule. Men prisen delast også med heile Fyresdal! Det er utan tvil innbyggaranes involvering, innsats, bruk – og ikkje minst fantastisk marknadsføring som set oss på kartet! Prisen får vi nettopp for god involvering av innbyggarane i Fyresdal, for tilpassing til alle brukargrupper og for vakkert design. Her kan du lese noko av det IAUD seier om Hamaren:

The jury spoke highly of this project:

Hamaren Activity Park is an excellent example of how to engage the local community and a diversity of user groups and stakeholders in a co-creation process from the start. It emphasises the importance of nature for physical and mental wellbeing, and demonstrates how to make a wild rugged landscape accessible for all. The result is an inclusive park where different needs are met, including those of children, teenagers, older people and people with limited capability, offering a wide range of activities at many levels. The local community’s commitment, ownership and care for the park has also made it an appealing and attractive tourist destination.

Les heile avgjersla og meir om kriteria for nominasjon på IAUD si nettside.

Fleire prominente gjester var i dag til stades for å gratulere kommunen etter prisutdelinga, mellom anna fylkesordførar Terje Riis Johansen, statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann frå KUD og Kjetil Ostlie frå Visit Telemark.

I 2017 vann Hamaren Aktivitetspark Design og Arkitektur Norge (DOGA) sin Innovasjonspris for Universell utforming, kategori landskapsarkitektur. Nå har Hamaren også fått ein internasjonal pris, og det er stor stas når vi nå skal i gang med bygginga av tretoppvegen!

Her kan du sjå DOGA sin film frå 2017: