Fyresdal kommune gjev kvart år ut ein kulturpris på kroner 10 000,- (i tillegg til ein diplom laga av ein kunstnar frå Fyresdal) og eit idrettsstipend på kroner 15 000,-.

Det er det Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO-utvalet), som avgjer om kulturprisen og stipendet skal delast ut.
Alle innbyggjarar i Fyresdal har høve til å føreslå kandidatar til både kulturprisen og idrettsstipendet. 
 
Har du kandidatforslag for 2021? 
Send forslaget ditt til postmottak@fyresdal.kommune.no innan 15. april!