Vi har nokre spesielle veker bak oss og ei litt annleis påske framfor oss.
Vi ynskjer å takke alle innbyggarane våre for innsatsen så langt.

Vi minner samtidig om at vi også gjennom påska må halde fokus på fylgjande:

  • God hand- og hostehygiene.
  • Halde avstand til kvarandre.
  • Unngå unødvendige reiser.

Og for dykk som ferdast ute i naturen, ikkje ta fleire sjansar enn nødvendig.

Treng du helsehjelp?

Ikkje ver redd for å ta kontakt verken med legekontor eller legevakt.
Alle som treng helsehjelp skal få det.

Fyresdal kommune har gjort fylgjande vedtak:

Alle campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Fyresdal kommune er stengde i perioden 03.04.2020-13.04.2020.
Sjølve vedtaket kan du lese i nyheita «Samleside for informasjon rundt corona-viruset».

Med dette sitatet frå Per Fugelli ynskjer beredskapsleiinga i Fyresdal kommune ved rådmann Une Marit Tangen alle ei god påske!

«Hvis man aldri får prøvd seg i livets faresoner, hvordan skal en da bli «fit for fight» i jungelen?»