Renovest skal innføre kjeldesortering av hytteavfall i alle eigarkommunane. 

Dagens ordning med hytterenovasjon er ressurskrevjande, og det er planlagt store endringar på dagens løysing. Prosjektet med innføring av kjeldesortering er planlagt ferdig før utgangen av 2024.

For ei optimal renovasjonsordning ynskjer dei at så mange som mogleg deltek i ei kort spørjeundersøking (tek ca. 3 minutt) om dagens ordning.