Målsetting for kjøkkenet:

  • Mest mogleg heimelaga mat.
  • Tilrettelagt kost for dei med ulike diettar og behov.
  • Kunne servere mat utover faste måltider.
  • Ha eit godt internkontrollsystem og kvalitetssystem, som sikrar gode rutinar og sikker produksjon av mat.

Jamfør gjeldande lovar og forskrifter.

Transport av mat til heimebuande – og kven kan få tilbod om tenesta

  • Transport av mat til heimebuande blir ivareteken av frivillige. Det er 6 personar som har ein 6 vekers turnusordning på å kjøre middag heim til heimebuande.
  • Kven kan få tilbod om tenesta? Medborgarar i Fyresdal kommune med eit hjelpebehov grunna funksjonshemming eller sjukdom. Dette blir vurdert og vedteken i Tiltaksteam, som einskildvedtak.

Tenesta består av:

  • Middag og dessert/suppe, som blir levera i miljøvenlege porsjonspakningar. Den blir pakka varm og i termobag, før den blir kjørt ut til brukarane.

Pris for middag med dessert eller suppe er per i dag kr. 85,- per porsjon.

Andre prisar:

  • Brødmåltid kr 45,-.
  • Grautmåltid kr 45,-.
  • Fullkost kr 135,-.

Tilbodet gjeld 5 dagar i veka (måndag-fredag), men kan utvidast til 7 dagar i veka ved særskilde behov.