Det står to innkøyring forbode-skilt ved Gimle skule. Slik dei står er det tillatt å køyre inn på den nye parkeringsplassen ved hallen, men det er berre bussar som har lov til å køyre rett fram og rundt rundkøyringa.

Den nye parkeringsplassen utanfor hallen er ikkje merka opp endå. Vis omsyn til både folk og bilar dersom de nyttar denne ved levering og henting av ungar.

Vi oppmodar alle føresette som nyttar parkeringsplassen på samfunnshuset til levering og henting av ungar, om å køyre inn i nordenden av parkeringsplassen og ut i sørenden. Dette for å unngå kaos og ulykker.

Dette gjeld sjølvsagt alle oss andre også, både på dag- og kveldstid. Når vi skal i symjehallen, i eit møte eller på ein konsert på Gimle, på samfunnshuset eller på biblioteket, på fotballkamp eller trening på fotballbanen - vis omsyn.