Vi har gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet fått tildelt midlar til ei kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder.

PRIORITERING AV SØKNADER

Fyresdal kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og servicenæringane, vinterdestinasjonar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar vil bli prioritert.

REGELVERK FOR BEHANDLING

Søknadene vil bli handsama i tråd med EØS-regelverket om offentleg støtte. Tilskotet blir gjeve som “bagatellmessig støtte”, noko som inneber at verksemda ikkje kan ha mottatt offentleg tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein periode på 3 år.

NETTSØKNAD

Søknad utførast på regionalforvaltning.no med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har kome utanfor dei statlege kompensasjonsordningane. Ein skal opplyse om det er motteke offentleg støtte tidlegare. Søknadsordninga opnar 27. desember 2021.

SØKNADSFRIST

Søknadsfrist er 10. januar 2022.

UTBETALING AV TILSKOTET

Tilskotet blir i hovudsak utbetalt etterskotsvis etter rapportering og dokumentasjon av utgifter.

KONTAKTINFORMASJON

For ytterlegare informasjon og rettleiing kan søkarar kontakte Fyresdal kommune ved Kjersti Bergland - telefon 35 06 71 12 / 951 77 408 eller e-post kjersti.bergland@fyresdal.kommune.no.