Felles for alle tilskota

  • Satsane gjeld ut frå det som til ei kvar tid er godkjent av kommunestyret.
  • Det skal aktivt informerast om reglane for tilskot frå Fyresdal kommune. 
  • Eigaren/søkjaren må vere fast busett i Fyresdal kommune før tilskotet blir utbetala. For tiltak som krev løyve etter Plan- og bygningslova, eller anna lovverk, skal slikt løyve som hovudregel vere gjeven før arbeidet/tiltaket blir starta. 
  • Søknad om tilskot må vere sendt/levert til Fyresdal kommune før tiltaket blir iverksett. Tilskot blir utbetalt mot dokumentasjon etter at tiltaket er gjennomført. 
  • Tvilstilfelle avgjerast av formannskapet.

Lønstilskot til sommararbeid for skuleelevar

Søknad om lønstilskot til sommararbeid for skuleelevar må sendast Fyresdal kommune innan 20. mai. Du finn søknadsskjema nedst på sida frå ca. 1. april.

NB. Nye reglar blei vedtatt i kommunestyre 19.05.2022. Reglane gjeld frå 01.01.2022.

Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Fyresdal. Private eller offentlege verksemder, eller private personar i Fyresdal som tek inn skuleungdom frå Fyresdal, som er mellom 16 og 19 år i kalenderåret, får eit lønstilskot på:

  1. Kommunen ynskjer å stimulere til å skape ein arena for arbeidstrening for skuleungdom. Det gjevast eit tilskot på kr 65,- pr. time for arbeidstakarar mellom 16 og 19 år. Minsteløn skal vere minimum kr 130,- for ungdom under 18 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon. Siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. oktober. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt.
  2. Verksemder søker kommunen før 20. mai, om å ta inn namngjevne personar. Det kan godkjennast inntil 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Kommunedirektøren godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet.
  3. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til ungdom i eigen familie dvs. barn og barnebarn. Dette gjeld ikkje for næringsdrivande som er registrerte i arbeidsgjevarregisteret.
  4. Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar.
  5. Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane.
  6. Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av innvilga tilskot.
  7. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til lag og organisasjonar.
  8. Arbeidsgjevar må avklare med arbeidstakar om vedkomande skal arbeide for annan arbeidsgjevar i tillegg. Der dette er aktuelt må arbeidsgjevarane bli samde om fordeling av 150 timar.

Støtte til oppkøyring av skiløyper

Søknad om støtte til oppkøyring av skiløyper må sendast Fyresdal kommune innan 1. mai kvart år.

Den som tar på seg oppkøyring av skiløyper i Fyresdal kommune må, for å kunne få kommunal støtte til dette: 

  • Ha skriftleg avtale med grunneigar.
  • Ha naudsynt løyve til å køyre snoskuter i det aktuelle området.
  • Ha vikarordning som sikrar oppkøyring ved fråvær, sjukdom og liknande.
  • Ha ein kontaktperson for kvar løype/kvart område det blir søkt støtte for.
  • Føre logg med dato og lengde for kvar oppkøyring.

Løypene det blir søkt tilskot for skal vere oppkøyrd med sporleggar til kvar helg i januar, februar, mars og april, når temperatur- og snotilhøve tilseier det. I vinterferien og påskeferien skal løypene vere preparert for skigåing kvar dag.

For skiløypenetter på Øyane er det ikkje krav til føring av logg. I dette løypenettet skal det vere løypetrasé for både skøyting og klassisk langrenn. 

Som støtte til oppkøyring av løypenettet på Veum øyremerkast kr 30 000,- gjennom dei årlege kulturmidlane. Dei tre andre søkjarane får midlar gjennom ein fordelingsnykel basera på årlege budsjettera midlar til dette, for sesongen 2014/2015 er denne løyvinga på kr 70 000,-. 

Utbetaling skjer på grunnlag av skriftleg søknad med: 

  • Ei enkel evaluering av sesongen med omtale av spesielle problem med å halde løypene oppkøyrt i samsvar med krava for tilskot.
  • Oppgåve over totalt køyrde kilometer.
  • Kopi av logg for køyring.

Tilskot til miljøtiltak

Søknad om tilskot til miljøtiltak blir handsama etter som dei kjem inn.

Det vert gjeve tilskot til oppgradering av eksisterande kloakkanlegg tilhøyrande heilårsbustader på 50 % av dokumenterte kostnader, inntil kr 25 000,-.

Det vert gjeve tilskot til radonreduserande tiltak på eksisterande heilårsbustader, med 50 % av dokumentera utgifter, inntil kr 10 000,-.

Tilskot til vedlikehald av private vegar

Tilskot til vedlikehald av private vegar blir utbetala innan 1. mai kvart år - etter at eit veganlegg er godkjent. Det blir gjeve eit årleg tilskot til private vegar med fast busetnad. Tilskotet er kr 5,- pr. m veg. Til frådrag kjem kr 500,- pr. husstand langs vegen.

  • Veglengda vert rekna til seiste fastbuande registrera i folkeregisteret.
  • Minste veglengde er 200 m.
  • Veglengde frå 200 til 300 m, må ikkje ha fleire enn 2 husstandar.
  • Veglengde frå 300 til 400 m, må ikkje ha fleire enn 3 husstandar.
  • Veglengde frå 400 til 500 m, må ikkje ha fleire enn 4 husstandar.
  • Veglengde frå 500 til 1000 m, må ikkje ha fleire enn 6 husstandar.
  • Veglengde over 1 000 m har ikkje krav til talet på husstandar.
  • Den ansvarlege for veganlegget er pliktig til å gje kommunen opplysningar snarast råd om endringar i føresetnadane som vil påverke utrekninga av tilskotet.
  • Ved fleire husstandar langs vegen skal det opprettast eit veglag med eigen bankkonto som tilskotet blir utbetalt til.