"Gjer draumen levande" er kommunens slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med om lag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til våre innbyggjarar.
 
Sektor for helse og omsorg søkjer kommunelege i 100 % fast stilling.
 
Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret vårt er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc. 
 
Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, psykiatrisk hjelpepleiar, 2 fysioterapeutar og ergoterapeut. Kommunens tenestekontor samt tannlegekontoret held til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta, i form av interkommunale samarbeid.
 
Om stillinga som kommunelege:
  • Arbeidet som kommunelege er svært variert og famnar heile spekteret av allmennmedisin.
  • Kommunelegen har det medisinske ansvaret for pleie- og omsorgssenteret med visitt kvar veke.
  • Stillinga inkluderer vakter ved Arendal legevakt.
Kvalifikasjonar:
  • Medisinsk embetseksamen og norsk legeautorisasjon.
  • Gjennomført turnusteneste LIS 1.
  • Spesialisering innan allmennmedisin er ynskjeleg.
  • Det er ein føresetnad at du beherskar norsk skrifteleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.
Vi søkjer ein person som:
  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid.
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
 
Vi tilbyr:
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Løn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
  • Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.
Fyresdal kommune blei i 2020 kåra av UNICEF som den beste oppvekstkommunen i landet. 
 
Sjå nettsida vår for meir informasjon om kommunen vår og kva vi har å tilby. Sjå gjerne også Facebook-side vår for bilete og videoar frå kommunen.
 
Kontaktperson
 
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Anne Veum på mobil 951 77 421, eller til kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på mobil 996 91 499.
 
Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest.
Vi gjer merksame på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
 
Søknadsfrist
 
Søknadsfristen er søndag 14. mars 2021 og vi ynskjer deg velkomen som søkjar! Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
 
Vi ber om at du brukar elektronisk søknadsskjema.