Kommunens slagord er "Gjer draumen levande", og dette ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte.

Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1240 innbyggarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt både å bu og å virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.

Sektor for helse og omsorg søker kommunelege i 100 % fast stilling:

Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret vårt er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc. 

Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, psykiatrisk hjelpepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoteapeut og avdelingsleiar. Kommunens tenestekontor og tannlegekontor held også til i same bygget. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta, i form av interkommunalt samarbeid.  Frivilligsentralen er også organisert under avdeling helse.

Om stillinga som kommunelege:

  • Arbeidet som kommunelege er svært variert og famnar heile spekteret av allmennmedisin
  • Kommunelegen har det medisinske ansvaret for pleie- og omsorgssenteret med visitt kvar veke
  • Stillinga inkluderer vakter ved Arendal legevakt

Kvalifikasjonar og tilsettingsvilkår:

  • Medisinsk embetseksamen og norsk legeautorisasjon
  • Gjennomført turnusteneste LIS1
  • Spesialisering innan allmennmedisin/indremedisin er ynskjeleg
  • Det er ein føresetnad at søkar beherskar norsk skriftleg og munnleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil
  • Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest

Vi søker ein person som:

  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel 
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Har brukar i fokus

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen
  • Barnehage og skule er lokalisert i sentrum

Fyresdal kommune blei i 2020 kåra av UNICEF som den beste oppvekstkommunen i landet. 

Her kan du sjå meir frå Fyresdal:

Du finn også mykje informasjon om den flotte kommunen vår her: fyresdal.kommune.no.

Kontaktperson ved spørsmål:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Anne Veum på mobil 951 77 421, eller til kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på mobil 996 91 499.

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er søndag 07.11.2021.

Velkomen som søkar!

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.

Vi ber om at du brukar elektronisk søknadsskjema.