Endeleg resultat etter kommunestyrevalet

Endeleg resultat frå kommunestyrevalet vil ikkje vere klart før etter fristen for seint innkomne stemmer. Fristen er tysdag 12. september kl. 17.00. 

Valprotokoll med mandatfordeling vil bli publisert på nettsida vår etter at den er godkjent av valstyret.

Valdag for kommunestyre- og fylkestingsval 2023

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 er fastsett til måndag 11. september 2023.

Kvart enkelt kommunestyre kan bestemme at det på ein eller fleire stader i kommunen skal haldast val også søndag 10. september 2023, jf. vallova § 9-2 (2).

Fyresdal kommune held val søndag 10. september og måndag 11. september 2023.

Vallokalet på Fyresdal samfunnshus held ope som fylgjer:

  • Søndag 10. september kl. 14.00–18.00
  • Måndag 11. september kl. 09.00–19.00

Førehandsstemming 10. august til 8. september

Du kan førehandsstemme i kva som helst kommune frå 10. august til 8. september.

Du kan førehandsstemme i Fyresdal Næringshage måndag-fredag kl. 08.00-15.00.

Det vil også vere mogleg å førehandsstemme på Fyresdal pleie- og omsorgssenter onsdag 6. september kl. 11.00–12.00*.

Her finn du adresser og opningstider for førehandsstemmelokala.

Stemme heime?

Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsstemmelokalet, kan du søke om å få stemme heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å søke viss du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsstemming*.

I førespurnaden må du oppgi fullt namn, fødselsdato og -år og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må også oppgi eit telefonnummer som vi kan nå deg på.

Ta kontakt kommunen viss du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å søke om å få stemme heime. Fristen for å søke er 6. september. Send søknaden til valstyret.

Kontaktinformasjon:
Valstyret i Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6 
3870 Fyresdal

E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Telefon: 35 06 71 00

Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2023. Dersom du skal stemme på valdagen, må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Flyttar du til ein annan kommune, må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen, står du i manntalet i kommunen du flyttar ifrå.

Står du i manntalet i kommunen der du bur? 

Manntalet er lagt ut til ettersyn på fylgjande stader:

  • Fyresdal Næringshage
  • Fyresdal bibliotek

Dersom du får valkort, står du i manntalet

På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. 

Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å laste ned valkortet på telefonen, og ta det gjerne med deg når du skal stemme.

Klage ved feil i manntalet

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner at det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Klage over feil i manntalet sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no eller Valstyret i Fyresdal, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal.

Digitalt valkort

Med nokre unntak vil det bli sendt ut digitalt valkort til alle, anten via di digitale postkasse eller via Altinn.

Desse får valkortet på papir:

  • Dei som står oppført som reservert i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon.
  • Dei som ikkje har oppdatert opplysningane i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon, eller bekrefta at opplysningane er korrekte, dei siste 18 månadane.

Personar som ikkje er aktive brukarar av digital informasjon eller som har reservert seg mot dette, vil framleis få valkortet tilsendt på papir. 

Oppdater oppføringane dine i Kontakt- og reservasjonsregisteret på norge.no.

Godkjente listeforslag til valet i september

Vedtak i Valstyret 10.05.2023: 

Listeforslaga frå Fyresdal Arbeiderparti og Fyresdal Senterparti til kommunestyrevalet 2023 i Fyresdal kommune blir godkjente slik dei ligg ved saka.

Fyresdal Arbeiderparti:

1. Erik Skjervagen, født 1959
2. Elise Lauvrak, født 1982
3. Nils Kristian Moe, født 1978
4. Liv Nærum, født 1982
5. Nils Vidar Pettersen, født 1966
6. Ingunn Lauvrak, født 1969
7. Knut Lofthus, født 1966
8. Rita Tuften Metveit, født 1958
9. Karl Rune Hansen, født 1960
10. Gunn Marit Aslestad, født 1984
11. Oddbjørn V Remen Svendsen, født 1982
12. Aud Kristin Syvertsen Lukassen, født 1972
13. Tore Metveit, født 1958
14. Mathilde Rinden, født 2005
15. Peter Gruszewski, født 1952
16. Laila Heimdal Skjervagen, født 1965
17. Thorstein Wøllestad, født 1953

Fyresdal Senterparti:

1. Anders Bergsland, født 1986
2. Janne Lunden Teksle, født 1976
3. Kjell Sverre Thoresen, født 1962
4. Evy Karlsen, født 1976
5. Tone Susanne Kvasjord, født 1998
6. Henning Barlund, født 1983
7. Olav Kiland, født 1992
8. Sigrid Lund Nedrebø, født 1997
9. Saamund Gjersund, født 1955
10. Elin Ringhus, født 1992
11. Rena Marie Gustavson, født 2004
12. Yngve Teksle, født 2001
13. Helge Kiland, født 1953
14. Anne Marion Svalestog, født 2001
15. Marini Van Terheijden, født 1958
16. Annette Gustavson, født 1962
17. Gunhild Agnes Svalestog, født 1970
18. Robert Libjå, født 1987
19. Hans Petter Frantzen, født 1961
20. Arne Dag Lassemo, født 1954
21. Asbjørn Libjå, født 2001

Listene ligg også i sentralbordet i Fyresdal Næringshage og på Fyresdal bibliotek.

Offentleggjering av godkjente lister

Fristen for å levere listeforslag var fredag 31. mars. 

Før listene kan offentleggjerast, skal dei sjekkast opp mot krava i regelverket. Etter dette skal alle kandidatane på ei valliste informerast om at dei er sett opp på eit listeforslag, inkludert informasjon om moglegheita til å krevje seg fritatt for val. Eventuelle søknadar om fritak skal så behandlast. 

Listeforslaga skal endeleg godkjennast av valstyret. Dette skal etter planen gjerast i møte den 10. mai. Dei godkjente listene vil bli offentleggjort etter dette.

Listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsval 2023

Fristen for å levere listeforslag er fredag 31. mars kl. 12.00 på formiddagen. 

Eit gyldig listeforslag må anten:

  • Ha kome fram til kommunen eller fylkeskommunen innan fristen, via post eller personleg innlevering, eller
  • Ha kome inn til kommunen eller fylkeskommunen innan fristen, gjennom Valgdirektoratets løysing for innsamling av elektroniske underskrifter på listeforslag, eller
  • Ha kome inn til kommunen eller fylkeskommunen via faks eller e-post innan fristen, så sant signaturane er synlege på forslaget. Originale underskrifter må leverast eller sendes inn med det same.
Fram til innleveringsfristen har forslagsstillarane full rådigheit over listeforslaget, sjølv om det er levert til valstyret. Dei kan endre rekkefølga på kandidatane, bytte ut kandidatar og så vidare. Dei kan også levere inn et nytt listeforslag. Dersom det er levert inn fleire listeforslag frå same parti er det det sist innleverte som gjeld
 
I vallova er det fleire krav til listeforslag.
Alle krav må være oppfylt før valstyret kan godkjenne forslaget.

Listeforslaget:

  • Skal vise til kva val det gjeld. Dette omfattar både type val og kva år det er snakk om. For 2023 er det då "Kommunestyrevalet 2023" som skal førast opp
  • Må ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget gjeld. Dersom listeforslaget gjeld eit registrert parti må namnet på forslaget vere identisk med det registrerte namnet
  • Må angi kandidatar som stiller til val
  • Må vere underskrive av eit visst tal personar
  • Må innehalde namn på en tillitsvalt og ein vara blant dei som har skrive under på listeforslaget. Desse skal ha myndigheit til å forhandle med valstyret om eventuelle endringar
  • Må ha med dei vedlegg som vallova krev
Det er opplysningane som er registrert i Partiregisteret 31. mars i valåret som avgjer kven som har rett til å representere eit politisk parti.

Tal på kandidatar:

Ved kommunestyreval skal listeforslaget innehalde minst sju kandidatar. Det kan maksimalt innehalde like mange kandidatar som det skal veljast representantar til kommunestyret, i tillegg til inntil seks andre namn.
 
I forhold til vallova er man valbar til kommunestyret dersom man oppfyller følgende krav:
  • Har stemmerett
  • Er folkeregisterført som busett i kommunen på valdagen
  • Ikkje er utelukka eller fritatt
Dei som er utelukka frå val til fylkesting og kommunestyre er fylkesmann og assisterande fylkesmann, i tillegg til de som i gjeldande kommune eller fylkeskommune er:
  • Kommunedirektør eller stedfortreder for kommunedirektør
  • Kommunalsjefar, etatssjefar og leder på tilsvarande nivå
  • Sekretær for kommunestyret eller fylkestinget
  • Ansvarleg for regnskapsfunksjonen
  • Den som utfører revisjon for kommunen eller fylkeskommunen
Personar med desse rollene er berre utelukka frå valet dersom dei er i stillingane når kommunestyret trer i funksjon. 
Ifylgje vallova skal listeforslaget innehalde kandidatanes fornamn, etternamn og fødselsår.