Valdag for kommunestyre- og fylkestingsval 2023
Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 er fastsett til måndag 11. september 2023.
Kvart enkelt kommunestyre kan bestemme at det på ein eller fleire stader i kommunen skal haldast val også søndag 10. september 2023, jf. vallova § 9-2 (2).
Fyresdal kommune held val søndag 10. september og måndag 11. september 2023.
Listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsval 2023
Fristen for å levere listeforslag er fredag 31. mars kl. 12.00 på formiddagen.
Eit gyldig listeforslag må anten:
- Ha kome fram til kommunen eller fylkeskommunen innan fristen, via post eller personleg innlevering, eller
- Ha kome inn til kommunen eller fylkeskommunen innan fristen, gjennom Valgdirektoratets løysing for innsamling av elektroniske underskrifter på listeforslag, eller
- Ha kome inn til kommunen eller fylkeskommunen via faks eller e-post innan fristen, så sant signaturane er synlege på forslaget. Originale underskrifter må leverast eller sendes inn med det same.
Fram til innleveringsfristen har forslagsstillarane full rådigheit over listeforslaget, sjølv om det er levert til valstyret. Dei kan endre rekkefølga på kandidatane, bytte ut kandidatar og så vidare. Dei kan også levere inn et nytt listeforslag. Dersom det er levert inn fleire listeforslag frå same parti er det det sist innleverte som gjeld
I vallova er det fleire krav til listeforslag.
Alle krav må være oppfylt før valstyret kan godkjenne forslaget.
Listeforslaget:
- Skal vise til kva val det gjeld. Dette omfattar både type val og kva år det er snakk om. For 2023 er det då "Kommunestyrevalet 2023" som skal førast opp
- Må ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget gjeld. Dersom listeforslaget gjeld eit registrert parti må namnet på forslaget vere identisk med det registrerte namnet
- Må angi kandidatar som stiller til val
- Må vere underskrive av eit visst tal personar
- Må innehalde namn på en tillitsvalt og ein vara blant dei som har skrive under på listeforslaget. Desse skal ha myndigheit til å forhandle med valstyret om eventuelle endringar
- Må ha med dei vedlegg som vallova krev
Det er opplysningane som er registrert i Partiregisteret 31. mars i valåret som avgjer kven som har rett til å representere eit politisk parti.
Tal på kandidatar:
Ved kommunestyreval skal listeforslaget innehalde minst sju kandidatar. Det kan maksimalt innehalde like mange kandidatar som det skal veljast representantar til kommunestyret, i tillegg til inntil seks andre namn.
I forhold til vallova er man valbar til kommunestyret dersom man oppfyller følgende krav:
- Har stemmerett
- Er folkeregisterført som busett i kommunen på valdagen
- Ikkje er utelukka eller fritatt
Dei som er utelukka frå val til fylkesting og kommunestyre er fylkesmann og assisterande fylkesmann, i tillegg til de som i gjeldande kommune eller fylkeskommune er:
- Kommunedirektør eller stedfortreder for kommunedirektør
- Kommunalsjefar, etatssjefar og leder på tilsvarande nivå
- Sekretær for kommunestyret eller fylkestinget
- Ansvarleg for regnskapsfunksjonen
- Den som utfører revisjon for kommunen eller fylkeskommunen
Personar med desse rollene er berre utelukka frå valet dersom dei er i stillingane når kommunestyret trer i funksjon.
Ifylgje vallova skal listeforslaget innehalde kandidatanes fornamn, etternamn og fødselsår.
Sjå valg.no for utfyllande informasjon.