Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Økonomisk sosialhjelp

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Økonomisk sosialhjelp skal sikre at du har nok midlar til eit forsvarleg livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for det sjølv gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

    Med livsopphald meiner ein livsnødvendigheiter som mat, husleige, straum og nødvendige klede. Denne hjelpa vil vere den vanlegaste forma for hjelp. Men du kan òg få hjelp som lån eller garanti for lån. Dette vil først og fremst vere aktuelt dersom ein trur at du vil vere i stand til å tilbakebetale lånet.

    Kriterium/vilkår

    Vi vil vurdere dei faktiske behova du har. Økonomisk sosialhjelp er ein rett som i utgangspunktet blir gjeve utan vilkår, men alle under 30 år må gjennomføre visse aktivitetar som er avtalte med kommunen. Du kan òg bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd:

    • Om du har søkt om bustønad
    • Om du har brukt rettane dine til eventuelle trygdeordningar
    • Om du har kontakt med Nav og tek imot tilbod om arbeid eller kurs

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Kvalifiseringsprogrammet
    Hjelpetilbud i kommunen
    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Nav-kontoret skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Nav før klagefristen for vedtaket går ut.

    Saksbehandlingstid

    Søknader blir behandla så raskt som mogleg. Men det kan hende at behandlinga blir forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du skildrar i søknaden. Da må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar. 

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-06-09 12:52