Fyresdal kommune har ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa. Ordninga er eit tiltak mot barnefattigdom. Kontigentkasse er for barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, som kjem frå familiar med låg inntekt. 

Stønaden gjevast til kontingentar, aktiviteter og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge i familiar med låg inntekt kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.

Søknadar handsamast etter kvart som dei kjem inn (ingen søknadsfrist) og midlane delast ut til kassa er tom. 

Krav til søkjar og søknaden

Det er bare laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, til dømes helsesjukepleiar, miljøterapeut, barnevernstenesta m.m. kan også søkje. Barnet eller familien kan ikkje sjølv søkje.

Den som søkjer har ansvar for å fylgje opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt stønad til. Det betyr at den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på/kome seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må fylgje barnet på alle aktivitetane. Oppfylginga kan og vere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. 

Det er den som søkjer som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontingentkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontingentkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag og organisasjonar som har trøbbel med å inndrive kontingent). Det er barnet sitt eller familien sin situasjon som er avgjerande. 

Ver nøye med å fylle ut heile søknadsskjemaet, og hugs å leggje ved eventuelle fakturaer, kvitteringer eller liknande, dersom det er mogleg.