Av aktuelle tema ein har jobba eller jobbar spesielt med i Fyresdal er:

  • Digitalisering av gamle bilete
  • Dugnad for registrering av nye kulturminne
  • Kulturminneløypa i sentrum
  • Moisesberg gruver
  • Registrering av støyler og buer
  • Registrering av jarnvinner
  • Restaurering av fløytningsdammar
  • Stadnamnregistrering

I Fyresdal har vi mange kartlagde og registrerte kulturminne. Ein del av desse kulturminna er å finne på Riksantikvaren, kulturminnesøk basert på Askeladden.

Lokale stadnamn

For nokre år tilbake hadde Fyresdal kommune eit prosjekt med innsamling av lokale stadnamn.

Prosjektet var initiert av kulturkontoret og det var Synnøve Nedrebø som i all hovudsak jobba med prosjektet. Det var breitt lagt opp, med mellom anna intervju av dei eldre i grendene og stor hjelp frå grendelaga. Det er gamle stadnamn på badeplassar, bakkar, beite, øyar, støylar, myrer, nutar, åkrar osv. Alle stadnamna er skrive på dialekt, og her er mange artige namn å finne; Snippen, Snippehagjen, Austaddassen, Magasinreine, Svænskeveita, Spøkeristeinen osv.

Dette er eit svært verdifullt materiale som kulturkontoret ynskjer at skal vere tilgjengeleg for alle – og det var det inntil nyleg. På «Kommunekart» på heimesida til kommunen låg stadnamna inne som eit eige kartlag i ein tidlegare versjon av kommunekartet, men etter revisjon har dei nå dessverre forsvunne ut.

Informasjonen vil bli lagt inn att – vi kjem tilbake med ny informasjon når dette er gjort.

Lokal kunst

Fyresdal kommune har gjennom nokre år sett av midlar til innkjøp av lokal kunst. Dette for å byggje opp ei samling med kunst som er laga av lokale kunstnarar og handverkarar.

Retningslinjer for kjøp av kunst:

  • Kunst laga av lokale kunstnarar og handverkarar.
  • Kunsten skal vandre rundt i dei ulike avdelingane. 
  • Kulturavdelinga organiserar innkjøpet og vandringa. 

Kunst eigd av Fyresdal kommune:

  • Kunstverk som tidlegare er kjøpt inn, er òg ein del av kunstsamlinga, eigd av Fyresdal kommune. 
  • Kulturavdelinga vil registrere det som fins i dei ulike avdelingane. Kunstverka vert registrerte med plassering, namn, kunstnar og bilete. Denne oversikten vert liggjande på heimesida. 
  • Kunstverka skal merkast med følgjande etikett: Dette kunstverket er ein del av den mobile kunstsamlinga til Fyresdal kommune. 
  • Kunst i Fyresdal kommune skal kunne vandre mellom avdelingar og kontor. 
  • Kunst som er testamentert/gjeve til einskilde avdelingar vert verande på desse avdelingane.