Vi gratulerer Moland Vel så mykje med årets kulturpris!

"Moland Vel er eit aktivt lite lag som har gjort og gjer mykje dugnadsarbeid for fellesskapet. Laget har primært Folkestadbyen, Sørbygda og Grunnvik som «sitt» område, men gjer mykje for heile kommunen. Dei fortener absolutt kulturprisen for arbeidet sitt.

Eit synleg  teikn i advendstida er joletreet på Høgenut som laget har stått for nå i mange år. Mykje dugnadsarbeid kvart år for å skifte ut lenker og pærer.

Hamaren aktivitetspark har blitt «hjartebarnet»  - laget har rydda skog og kratt, hogge og kløyvd ved til bålpånnene og utekjøkkenet. Dei har bygd vedboder ved fleire av bålplassane. Benkar og bord er gitt i gåve og plasserte ut, fleire i Hamaren men også i Sørbygda og i Grunnvik. Kjell Arne Lauvrak med fleire er stadig i området og passar på at ting er på stell.

På Bygdedagen arrangerer dei «Kaste på stikka», som har blitt et fast innslag. 

Quizkveldane, som samlar folk frå heile kommunen og meir til, blir halde i samarbeid med Meieriet. Det blir gjennomfør  8-9 quizkveldar i året. Dette er svært populært og er med på å finansiere både joletreet, benkar, bord og gåver.  

Laget arrangerer, år om anna, ryddedugnad av strånda i Stykkjevika."

Kjell Arne Lauvrak har mottatt prisen på vegne av Moland Vel.