Kommunestyret i Fyresdal kommune vedtok 14.05.2020 framlegg til detaljreguleringsplan for Solliåsen nord,  gbnr. 17/123,  planID 0831232. Vedtaket blei gjort på vilkår av at føresegnene til vegkrysset måtte oppgraderast, slik Fylkeskommunen ba om. Det måtte dokumenterast at det låg føre ei tilstrekkeleg god løysing for felles VA-anlegg og dokumenterast at det ville vere nok vatn av god kvalitet slik Mattilsynet satte krav om.

Planen er no revidert i tråd med vedtaket og vi kunngjer med dette den vedtatte detaljreguleringsplanen med plankart revidert 23.03.2021, planbestemming revidert 23.03.2021 og planbeskriving revidert 23.03.2021.

Planens hovudføremål er tilrettelegging for veg fram til eksisterande hytter og vidare utbygging av fritidsbustader med adkomst. Nye fritidsbustader skal koplast til felles vassforsynings- og avløpsanlegg med Solliåsen Syd.

Vedtaket i kommunestyret (KS 42/20) blei gjort i medhald av plan- og bygningsloven § 12-12.

Vedtaket kan klagast på innan 24.05.2021. Eventuelle klager merkast med saksnr. 2018/1955 og sendast skriftleg til Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal  eller postmottak@fyresdal.kommune.no.

For Fyresdal kommune
Einar Mikkelsen
senioringeniør