Søknad om omregulering av frilufts- og naturformål på gbnr. 38/102 i reguleringsplan for Tøddebakkane nord
Grunneigar på gbnr. 38/102 Bendik Momrak har søkt kommunen om omregulering av eigedomen frå frilufts- og naturformål til bustadformål. Søknaden grunnleggast med at det er mangel på bustader i Fyresdal. Momrak ynskjer å utvikle bustader som er moderne og rimelege, som vil gje unge ein moglegheit til å kome inn i bustadmarknaden. Han vil så langt det lar seg gjere nytte lokal arbeidskraft og leverandørar under utbygginga. Han påpeikar at området er svært godt eigna til utbygging, og teknisk infrastruktur ligg lett tilgjengeleg i området.
Hovudutvalet for plan og miljø gjorde fylgjande vedtak 19.11.2024:
I tråd med Plan- og bygningslova § 12-14 blir omregulering av areal Ln og Lf til areal for busetnad – småhusbusetnad BF i reguleringsplan for Tøddebakkane nord vedtatt. Plankart og føresegner blir endra som omtalt under konklusjon.
Her kan du sjå heile saksframlegget med tilhøyrande kart over området.
Klagefrist er 3 veker.
Søknad om mindre reguleringsendring gbnr. 54/1 - Austjord
Knut Tore Sannes har kjøpt tomt 5 i reguleringsplan for Austjord gbnr. 54/1. Det er ønskje om å flytte tomta mot søraust. Der er det meir fjell i dagen og ein varetek skogsmarka der tomta er plassert i dag. Ny plassering ligg og inntil eksisterande veg slik at det ikkje vil vere behov for etablering av ny veg til tomta.
Hovudutvalet for plan og miljø gjorde fylgjande vedtak 19.11.2024:
I medhald av Plan- og bygningslova § 12-14 godkjennast endring av Reguleringsplan for Austjord gbnr. 54/1, ved at tomt nr. 5 flyttast mot søraust. Eksisterande tomt 5 blir gjort om til friluftsområde.
Her kan du sjå heile saksframlegget med tilhøyrande kart over området.
Klagefrist er 3 veker.