Historiske spor om kunsten og kulturen i Fyresdal

Rosemålinga blomstra i Fyresdal likeins som andre stader i Telemark, med Nikuls Gunnarson Buiene (1789-1852) og Leiv Aslestad (1772-1846), som nokon av dei sterke namna. Mange namngjetne felespelarar, slik som den mest kjende, Petter Veum (1811-1889), var frå Fyresdal. 

Kvinnene har vore flinke til å veve og saume, og den gamle draktskikken i Fyresdal kan måle seg med det beste i Vest-Telemark. Fyresdølane har frå gamalt av vore dyktige handtverkarar. 

Folkestadbyen

I 1870-åra voks det fram eit handels- og handtverksentrum i kyrkjebygda i Fyresdal. I løpet av 40 år kom det opp mest 40 bustader i eit lite avgrensa område. Tettstaden fekk namnet Folkestadbyen.

Gamle hus vart flytt frå andre stader i bygda til Folkestadbyen og modernisera utifrå Sveitserstilen. Byen voks raskt fram til å bli eit sentrum i Fyresdal med forretningar, bank og bedehus. Heile denne utviklinga skapte grobotn for ein busetnad som ikkje var bygd opp kring jorddyrking.  
 
I "byen" levde ein av å produsere tenester for andre. Her budde det skogsarbeidarar, skreddarar, skomakarar, smedar, bakarar, urmakarar, blikkenslagarar, postkøyrarar, jordmødre, handelsmenn og folk som arbeidde på båten.  
 
Tak ei vandring i Folkestadbyen som ennå blir kalla "byen" på folkemunne, og som er spesiell i Vest-Telemark og er ei lita perle med små butikkar, kafear og idylliske hus og hagar.  
 
Dei gamle husa er skilta, og på kvart hus kan ein lese kor gamalt huset er, kor det kom frå, kven som budde her og kva for yrke dei hadde. 

Fyresdal Bygdemuseum

Fyresdal Bygdemuseum vart skipa i 1909, og er såleis blant dei eldre bygdesamlingane i Noreg. 

Bygdemuseet ligg i Øyskogen, som er eit fint parkområde i sentrum av Fyresdal med mange store, freda furutre og ei bjørkelund. Her ligg fleire gravhaugar frå heidensk tid. Det er verkeleg historisk grunn ein står på her, og parken er merka som ein heidensk kyrkjegard. 

Museet har til saman 14 antikvariske hus frå mellomalderen og frametter og ynskjer på ein levande måte å formidle fargerike glimt frå historia til Fyresdal. I sesongen er dei fleste husa opne slik at du kan sjå korleis folk hadde det i gamle dagar. Museet tilbyr skattejakt for born. Bli med og leit blant bygningar og historie for å finne skatten på bygdemuseet. Skattekart får du på turistinformasjonen. Du kan og låne brettspela Hnefatafl og mølle. Begge spela er kopiar av faktiske brettspel frå vikingtida. Spelereglar fylgjer med. 

Gravhaugane i Øyskogen

I museumsparken i Øyskogen er det i alt 4 heidenske gravhaugar. Her og i områda ikring, har det truleg vore eit felles gravfelt for mange gardar i bygda i heidensk tid.

Slike felles gravfelt er som regel daterte til eldre jernalder (500 f.kr.-600 e.kr.). I yngre jernalder (600 e.kr.-1000 e.kr.) vart dei døde oftast hauglagde nær heimegarden. Men i dette området er det funne ei øks og eit sverd frå vikingtida (o. 700-o. 1050). Difor er det truleg at dette gravfeltet syner ein tradisjon frå eldre jernalder som vart vidareført inn i yngre jernalder. 
 
Folk flest var ikkje hauglagde. Oftast var det berre ein person på garden for kvar generasjon. Seremonien var då truleg prega av overflod av mat og drikke, og laget etter sjølve hauglegginga vart kalla for gravøl, noko som truleg er skildrande. Dyrkinga av haugen tok ikkje slutt med sjølve hauglegginga. Den døde og haugen hans vart haldne i hevd så lenge ætta hugsa han. Dei sette ut øl og mat på gravhaugen. Dette vitnar nærast om ei tru på den døde hadde ei form for eksistens i sjølve grava. Det me veit er at dei som levde att, såg på dei døde som om dei framleis var ein del av ætta sitt liv. 
 
Det er funne restar etter kol i ein av desse gravhaugane, det kan tyde på at dei døde her vart brende. Det er aldri gjort arkeologiske undersøkingar av desse gravhaugane, men mykje tyder på at dei har vore røva gjennom tidene.

Kulturminnevern

Kulturminnevern er det arbeid som gjerast for å verne kulturminna våre. Lov om kulturminne definerar eit kulturminne som "alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, også lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til". Døme på kulturminne kan vere eldre bygningar, gravhaugar/røyser, gamle buplassar, kolgroper, jarnvinner.

Av aktuelle tema ein har jobba eller jobbar spesielt med i Fyresdal er:

  • Digitalisering av gamle bilete
  • Dugnad for registrering av nye kulturminne
  • Kulturminneløypa i sentrum
  • Moisesberg gruver
  • Registrering av støyler og buer
  • Registrering av jarnvinner
  • Restaurering av fløytningsdammar
  • Stadnamnregistrering

I Fyresdal har vi mange kartlagde og registrerte kulturminne. Ein del av desse kulturminna er å finne på Riksantikvaren, kulturminnesøk basert på Askeladden.

Kyrkjene i Fyresdal

Vi har to kyrkjer i Fyresdal: Veum kyrkje frå 1863 og Moland kyrkje frå 1843. Desse ertstatta dei gamle trekyrkjene som vart rivne.

I 2013 feira Veum kyrkje 150 år og Moland kyrkje 170 år.

Kristendomen kom til Øvre Telemark kring år 1000. Dei eldste kyrkjene vart bygde med stolpar rett i jorda. Det kan ha vore fleire stolpekyrkjer i Fyresdal som forsvann på 1100- og 1200 talet. 

Så kom stavkyrkjene: Moland, Heggland, Veum, Skafså og Mo. Før svartedauden i 1350 hadde kvar kyrkje sin eigen prest, og det var messer eller tidebøner nesten kvar einaste dag. Etter svartedauden vart heile området samla under ein prest. I 1769 vart Mo og Skafså skild ut som eige kyrkjesokn. 

Stavkyrkjene forsvann på 1600- og 1700-talet og det kom tømmerkyrkjer i staden: Moland i 1665, Heggland i 1671 og Veum i 1727. Så vart også desse borte med dei nye kyrkjene på 1800-talet: Moland i 1843 og Veum i 1863. 

Kyrkjene forsvann og gjenstandane spreidde seg. Mange vart borte, andre fekk nye heimar og bruksområde; i dei nye kyrkjene, på museum og rundt om på gardane.

Moisesberg kulturminneløype

Moisesberg Gruvefelt - eit eineståande gruvefelt i europeisk gruvesamanheng (1541–1549).

I Fyresdal kan du nå oppleve ein spennande historie om Moisesberg gruveområde i Fjellgardane som i 1990-åra vart undersøkt av Norsk Bergverks­museum under leiing av forskar Bjørn Ivar Berg. 
 
I området ved gruvene Moberg og Grusen vart det registrert 132 røsk, 20 skjerp, 16 stollar med to luftesjakter og 20 kolgroper. Sidan spora etter gruvedrifta i liten grad var øydelagt, fann ein her eit tilnærma urørt bilete av måten gruvene var drivne på, noko som gjer funna eineståande i europeisk gruvesamanheng.

Frå Fyresdal sentrum køyrer ein fv. 355 nordover til Veum. Ta til venstre på fv. 405 til Fjellgardane (Fjellgardsvegen) og køyr ca. 15 km til Aslestad. Vidare 1,5 km på merka privat veg til parkeringsplass for Moisesberg kulturminne-løype.

Løypa er ca. 3 km tur-retur.

Sjå ut.no for meir informasjon om løypa

Moland kulturminneløype

Kulturminneløypa har sitt utgangspunkt i Fyresdal sentrum ved Bygdetunet Øyskogen. 

Ein kan velje å gå heile løypa (Folkestadbyen + rundløype om Saukro og Bryggjeparken) eller berre ei av sløyfene. 
Heile turen tek i underkant av ein time i alminneleg turtempo. Turen er lett å gå og stiller ikkje særlege krav til fottøy, og den eignar seg godt for både barnefamiliar og eldre. Store delar av løypa er tilgjengeleg for rullestol. 

Parkering og start i Fyresdal sentrum ved bygdetunet Øyskogen.

Vandreguide Moland kulturminneløype

Russvassdammen kulturminneløype

Fløyting av tømmer hadde gått føre seg i meir enn 400 år då dette vart lagt ned i 1971. Fardøl vart innlemma i Fellesfløytinga i 1860. Russdammen er eit imponerande byggverk av hoggen (kila) stein med to opningar. Noverande steindam er frå 1893. Russvassdammen er ein såkalla nåledam. 

Russvassdammen i Borrgrend er ein imponerande fløytingsdam der treverket er restaurert. Samtidig er vegetasjonen nær dammen rydda slik at dammen vert synleg i terrenget. Ved Borggrendsvegen der det står informassjonskilt, går det ein tilrettelagt stig til dammen. 

Ved dammen står det eit skilt nr. 2 som informerer om tømmerfløytinga. Ein kan så gå over dammen og vidare til skogsbilveg. Ved å følgje den til venstre kjem ein attende til Borggrendsvegen. Der tek ein til venstre og kjem attende til parkeringsplassen. 

Heile turen er på ca. 1,5 km. Ein kan nytte vanlege joggesko e.l. til fottøy. 

Korleis finne fram til Russvassdammen:

Frå Fyresdal sentrum køyrer ein nordover ca. 1,8 km på FV 355 til Verpet vegkryss. Ta til venstre retning Birtedalen. Etter 10 km ta veg til høgre merka Borggrend. Etter 6 km vil ein sjå opplysningstavle på venstre hand. Parkering på høgre hand.

Sauesanking

Kvart år blir fleire tusen sauer sleppt på sommarbeite rundt om i heiane i Fyresdal. Frå tidleg i juni til byrjinga av september er dei frifantar på utmarksbeite med eitt mål for auget, å ete seg gode og mette på det næringsrike og fine fjellbeite som gjev oss den gode smaken på lammekjøtet. 

Når september kjem og fuglejakta nærmar seg, er det tid for sauesanking. Ofte merkar sauen sjølv at hausten er på veg og byrjar å trekke mot bygda.

Eit stort oppbod av tobeinte og firbeinte sankarar saumfarar beiteområda, og jobbar etter nøye planlagde og innarbeidde metodar, ikkje minst er gjetarhundane til stor hjelp i dette arbeidet. Dette kan vere flotte dagar i fjellet, men surt dersom vêrgudane slår seg vrange. Sauene blir samla i sanketrøer rundt om, for etterpå å bli skilt ut, slik at den enkelte eigar kan få med seg sine dyr.  

I Fyresdal er det tradisjon kvart år for at ein kan kome å sjå når sauene kjem frå fjellbeite. På vestsida av Fyresvatn - i Fardal - blir det skipa til samling av innabygds og utabygdes folk som vil ha med seg denne hendinga.

Smi i Hymens lenker

Dette er ein gamal bryllaupstradisjon med røter tilbake til vikingtida. Gjennom ein stilfull og verdig seremoni vil Fyresdalsmeden Øivind Klausen på ein symbolsk og samstundes svært realistisk måte "smi" brurefolket saman i ekteskapet.

Brura og brudgommen kan sjølve velje om seremonien skal avviklas på heimplassen, i Fyresdal eller i ei av Fyresdals flotte kyrkjer. I Fyresdal kan høgtida få ei fin og ekte stemning. Brurefylgjet kan få skyss med hest og vogn eller veteranbil, spelemann og fest på ein gjestegard i fjellheimen. 

Trollholene

Trollholene ligg i ein liten "kvæv" innafor Lomekilen, i Kilegrend, som er ei bukt ved det austre utlaupet av Fyresvatn.

Desse karakteristiske holene vart forma i slutten av istida då ismassene smelta og landet etter kvart heva seg. Holene er sprengd og grave ut av vatn og is.

Den fyrste gudstenesta vart halden her i 1911. Folk skal ha kome i hopetal til messa i robåt over vatnet. Seinare fylgde ei pause i messene fram til 1988. No er gudsteneste i holene blitt ein årleg tradisjon. 

For meir informasjon om turen til Trollholene besøk turistinformasjonen og få med deg ein eigen vandreguide for området.