Fyresdal Normisjon vart seinare og var i mange år eigar av huset, men 1. januar 2012 overtok kyrkja bygget.

Betel har blitt restaurert og ombygd fleire gonger, og etter overtakinga har vi restaurert kjøkken, veslesal og storsal. Det elektriske anlegget har òg blitt mykje oppgradert. Til bispevisitasen i april 2017 stod eit påbygg med to nye toalett og restaurert gang ferdig. Dei fyrste elektriske ljoskronene og lampettane i Moland kyrkje vart restaurerte og hengde opp i storsalen. Lampene var laga og gjevne av Bendik Veum i 1937. Ein privat gjevar gav oss pengar til restaureringa.

Kyrkja bruker nå huset som kyrkjelydshus til konfirmantundervisning, større kyrkjekaffiar og samlingar. I tillegg vert det leigd ut til minnesamvær og til andre selskap og samvær.

Prisar for å leige huset:

Per dag, inkl. bruk av kjøkken: Kr 1000,-.
Kveldsmøte utan bruk av kjøkkenet: Kr 500,-.

Leigetakarane må sjølve rydde og vaske etter seg.