I 2013 feira Veum kyrkje 150 år og Moland kyrkje 170 år.

Kristendomen kom til Øvre Telemark kring år 1000. Dei eldste kyrkjene vart bygde med stolpar rett i jorda. Det kan ha vore fleire stolpekyrkjer i Fyresdal som forsvann på 1100- og 1200 talet. 

Så kom stavkyrkjene: Moland, Heggland, Veum, Skafså og Mo. Før svartedauden i 1350 hadde kvar kyrkje sin eigen prest, og det var messer eller tidebøner nesten kvar einaste dag. Etter svartedauden vart heile området samla under ein prest. I 1769 vart Mo og Skafså skild ut som eige kyrkjesokn. 

Stavkyrkjene forsvann på 1600- og 1700-talet og det kom tømmerkyrkjer i staden: Moland i 1665, Heggland i 1671 og Veum i 1727. Så vart også desse borte med dei nye kyrkjene på 1800-talet: Moland i 1843 og Veum i 1863. 

Kyrkjene forsvann og gjenstandane spreidde seg. Mange vart borte, andre fekk nye heimar og bruksområde; i dei nye kyrkjene, på museum og rundt om på gardane.