Tilkallingsvikar i kultur og oppvekst

Sektor for kultur og oppvekst treng tilkallingsvikarar til skule, barnehage, SFO, bibliotek, klubb og basseng ved korte og lange fråvær.

Vi ynskjer ungdom og vaksne over 18 år. Vi ynskjer helst pedagogar og fagarbeidarar som har lyst til å bidra til ein fin kvardag og oppvekst i Fyresdal kommune, men andre er også velkomne til å søke. Som tilkallingsvikar vil du lære mykje spennande som du kan ta med deg seinare i arbeidslivet. 

Vi treng fast vikar til symjehallen annan kvar onsdag i perioden 01.10.2025-30.04.2026. Ein må ha godkjent livredningsprøve for å kunne jobbe i symjehallen. Dersom søkar ikkje har prøva frå før, kan kommunen betale kurset. Det vil også vere behov for tilkallingsvikar - sjå info lengre ned👇

Barnehage

I barnehagen arbeider tilsette i forskjellige vakter i løpet av ein dag i tidsrommet kl. 07.00–16.30. Her vil det også vere behov i dei ulike feriane.

Bibliotek

Biblioteket har opningstid tysdag kl. 10.00–15.30, onsdag kl. 14.00–20.00, torsdag kl. 12.00–15.30 og fredag kl. 10.00–15.30.

Gimle

I skulen kan vi trenge vikar heile dagar, enkelttimar, timar fordela på ei eller fleire klasser, i tidsrommet kl. 08.20–13.55.

Juniorlubb og ungdomsklubb

Juniorlubben sine vakter er kl. 10.30/13.00–20.30. Klubben gjeld for 5. trinn og oppover. På ungdomsklubben er vaktene kl. 14.00–22.30. Ungdomsklubben gjeld for ungdomstrinnet. Det vil også vere behov for vikar på turar og anna aktivitet i helger.

SFO

SFO har ope måndag, tysdag, torsdag og fredag på morgonen kl. 07.00–08.10 og etter skuleslutt kl. 14.00–16.30. Onsdag er SFO ope heile dagen kl. 07.00–16.30. I SFO  er det behov for ulike vakter. Her vil det også vere behov i dei ulike feriane.

Symjehall

Symjehallen er open onsdag og fredag kl. 17.00–21.00 og laurdag kl. 11.00–15.00, og er ope frå april til oktober. Her må ein ha godkjent livreddarprøve for å kunne jobbe.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?