Tilkallingsvikarar i kultur og oppvekst
Sektor for kultur og oppvekst treng tilkallingsvikarar til skule, barnehage, SFO, bibliotek, klubb og basseng ved korte og lange fråvær.
Vi ynskjer ungdom og vaksne over 18 år. Vi ynskjer helst pedagogar og fagarbeidarar som har lyst til å bidra til ein fin kvardag og oppvekst i Fyresdal kommune, men andre er også velkomne til å søke. Som tilkallingsvikar vil du lære mykje spennande som du kan ta med deg seinare i arbeidslivet.
Det er behov for fylgjande:
- I skulen kan vi trenge vikar heile dagar, enkelttimar, timar fordela på ei eller fleire klasser, i tidsrommet kl. 08.20–13.55.
- I barnehagen arbeider tilsette i forskjellige vakter i løpet av ein dag i tidsrommet kl. 07.00–16.30. Her vil det også vere behov i dei ulike feriane.
- SFO har ope måndag, tysdag, torsdag og fredag på morgonen kl. 07.00–08.10 og etter skuleslutt kl. 14.00–16.30. Onsdag er SFO ope heile dagen kl. 07.00–16.30. I SFO er det behov for ulike vakter. Her vil det også vere behov i dei ulike feriane.
- Juniorlubben sine vakter er kl. 10.30/13.00–20.30. Klubben gjeld for 5. trinn og oppover. På ungdomsklubben er vaktene kl. 14.00–22.30. Ungdomsklubben gjeld for ungdomstrinnet. Det vil også vere behov for vikar på turar og anna aktivitet i helger.
- Bassenget har opningstid onsdag og fredag kl. 17.00–21.00 og laurdag kl. 11.00–15.00, og er ope frå april til oktober. Her må ein ha godkjent livreddarprøve for å kunne jobbe.
- Biblioteket har opningstid tysdag kl. 10.00–15.30, onsdag kl. 14.00–20.00, torsdag kl. 12.00–15.30 og fredag kl. 10.00–15.30.
Vi tek omsyn til at du er ny og tilpassar dette i starten!
Vi har store, fine lokale og flotte nærområde, samt hyggelege tilsette og flotte barn som vil sete pris på at akkurat du blir med på laget!
Det vil bli stilt krav om politiattest.
Ring oss, så tek vi ein prat!
Sist oppdatert