Blodprøve

Ver merksam på at sjukepleiar ikkje kan ta blodprøver utan at pasient har vore til lege fyrst. Unntaka er faste kontrollar som er avtalt med lege, eller dersom pasient har med seg ferdig utfyllt blodprøveskjema frå t.d. sjukehus.

Det kan ikkje takast blodprøver torsdag ettermiddag eller fredag på grunn av postgangen.

Elektronisk resept

E-reseptar er elektroniske reseptar som fungerer på nøyaktig same måte som ein tradisjonell papirresept, dvs. at ein kan bruke dei for å hente ut reseptbelagte legemiddel frå apotek.

E-reseptordninga er landsdekkande, så du kan hente ut e-resepten din kor som helst i Noreg. Hugs å ta med legitimasjon.

Dersom du skal hente for ein annan person, treng du i tillegg fullmakt og kopi av legitimasjonen til personen du skal hente for.

Fastlege der du bur

Pasientar som har behov for konsultasjon med fastlegen må gjere avtale om time. Det er ikkje mogeleg for fastlegen å gjere ei vurdering per telefon.

Det kan vere hensiktsmessig for pasientar som har fastlege i Fyresdal, men som oppheld seg andre stadar i landet, å bytte til ein fastlege i nærleiken av der ein bur. Dette er særleg viktig for studentar i samband med nye reglar rundt fråvær.

Du må ha fastlege i Fyresdal kommune for å kunne tinge time for konsultasjon. Skulle du ikkje ha fastlege her, men likevel ha behov for akutt hjelp, vil du sjølvsagt få det.

Fritt behandlingsvalg

"Fritt behandlingsvalg" erstattar og utvidar fritt sykehusval, og gjev deg rett til å velge kor du skal få behandling.

Snakk med fastlegen din eller ring 23 32 70 00 dersom du ynskjer rettleiing eller råd.

Medisinbestilling

Sjekk først

  • Sjekk alltid med apoteket om du har att medisin på resept før du ringer legekontoret for å bestille nye.

Ver ute i god tid

  • Det er lurt at du bestiller medisinen din i god tid før du treng den. Dette er både grunna kapasiteten til legane og sjukepleiarane på Fyresdal helsehus og at apoteket i mange tilfelle må bestille medisinen frå ekstern leverandør.

Hente på Spar eller på Daglegvare Heggland?

  • Dersom du ynskjer å hente medisinen din på Spar eller på Heggland Daglegvare, må du seie ifrå om det ved bestilling.

Telefontid lege

Legen ringer tilbake i løpet av arbeidsdagen, eventuelt neste dag. Ver tilgjengeleg ved telefonen.

NB. Sjukemeldingar, forlenging av sjukemeldingar og diverse henvisningar krev legetime, dette kan ikkje avtalast på telefon.