Frå 01.01.2025 vil det vere mogleg å få månadleg faktura på kommunale avgifter. Det vil framleis vere mogleg med faktura 2 gonger i året, haust og vår, slik som nå.
Dersom du ynskjer månadleg faktura, må du gje oss beskjed om dette. Send ein e-post til mari.juva@fyresdal.kommune.no.
Du kan når som helst gje oss beskjed (vi legg inn i KOMTEK fortløpande), men for at det skal gjelde frå 01.01.2025, må du gje oss beskjed innan 15.12.2024.
Vi oppmodar samtidig flest mogleg til å opprette e-faktura/avtalegiro.