Vi har nå tilsett ny kommuneoverlege/fastlege. Ho heiter Mariann Grønnestad, er 56 år og kjem opprinneleg frå Stavanger, men er nå busett i Oslo. 

Mariann har lang erfaring innan allmennmedisin, og har jobba fleire år som indremedisiner på sjukehus. Mariann har vore spesialist i allmennmedisin sidan 2012 og er i tillegg spesialist i indremedisin. 

Ho er for tida tilsett som vikar i Nordsjøturnus hos oss, men startar i stillinga som KOL/fastlege 1. november.

Mariann er ein erfaren, fleksibel og svært dyktig fagperson og vi gler oss stort over å ha fått henne med på laget.

Anne Veum, kommunalsjef helse og omsorg