Frå 01.01.2020 vil Din Mobile Optiker ha tilhald i veslesalen på samfunnshuset. Timebestillinga vil då gå via Din Mobile Optiker på mobilnummer 400 92 285 (og ikkje Fyresdal pleie- og omsorgssenter som før).

Din Mobile Optiker utfører mellom anna utmåling av synsfeil, kontroll av samsyn, trykkmåling og inspeksjon av ytre og indre øye.

Siste dato for hausten 2019 er tysdag 3. desember. Timar til denne dagen avtalar de via Fyresdal pleie- og omsorgssenter på telefon 35 06 71 67.

Datoar for våren 2020 kjem.