26.11.2020 gjorde Fyresdal kommune vedtak om innføring av ny betalingsmodell i foreldrebetaling for barnehage og SFO:

Fyresdal kommune endrar betalingsmodellen i barnehagen frå 01.01.2021:

Barnehagesatsane er regulert etter Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.
Eigenbetaling for barnehagen fylgjer maksimalsatsen vedteke av Stortinget.
Frå 01.01.2021 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 3 230,- per månad.
 
Det er to ulike moderasjonsordningar i barnehagen, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:
 
  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien si samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. Inntektsgrensa var per 01.01.2020 kr 574 759,-. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulike for kvar og ein.
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-, 3-, 4- og 5-åringar. Inntektsgrensa var per 01.08.2020 på kr 566 100,-.
Ein må søke kvart år for å få reduksjonen i betaling og gratis kjernetid. 
Søknadsfristen er sett til 1. august eller i samband med ny søknad seinare i året. 
Du kan søke undervegs i barnehageåret.
Den gamle betalingsmodellen for barnehagen fell bort og alle betalar maksimalsats inntil ein har motteke søknad om reduksjon i foreldrebetaling.
Ei eventuell endring i barnehagebetaling vil då gjelde frå den 1. i neste månad.
Du må leggje ved dokumentasjon av familiens inntekt. 
Familien betalar makspris inntil søknad er sendt og godkjend. 
Søkar/medsøkar må ha same bustadadresse som barnet.
 
Du finn søknadsskjema nedst på sida.
Les meir om foreldrebetaling på nettsida til Utdanningsdirektoratet.