Ho er bygd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt Linstow sine typeteikningar vart nytta som utgangspunkt. Kyrkja er bygd utan tårn av di det ofte er harde vindkast på staden. 

Benkane vart restaurerte i 1906, og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet vart då kvitt, med grøn girlander oppe under taket, og benkar i grønt og gull. 

Kyrkjeromet vart på nytt restaurert i 1962, og det vart då måla i ein rosa farge. Benkane er nå blå med gull. Altertavla er frå 1738 og stod tidlegare i Heggland kyrkje. Nytt orgel kom på plass i 1979, og det gamle orgelet frå 1908 vart flytt til Veum kyrkje. 

I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane. 

Kyrkjeromet gjev eit ope og romsleg inntrykk, og det har særs god akustikk. 

Besøksadressa til Moland kyrkje er Prestegardsvegen 20.