Musikkbingen inneheld følgjande utstyr:

  • Fullt lydanlegg, bass- og gitarforsterkar, slagverk, elektrisk piano, mikrofonar og stativ.
  • Fyresdal ungdomsråd har kjøpt inn ein elektrisk bass og gitar. 

Fyresdal musikkbinge er plassert ved samfunnshuset - velkomen som brukar!

Korleis brukar ein lydutstyret

1. Skru alle volumknappane på miksaren på null.

2. Slå på on-knapp på høgre side bak på miksaren, og på straum-adapter (på bordet).

3. Slå på on-knapp bak på sub (stor høgtalar på golvet).

4. Slå på on-knapp bak på begge toppkassene (høgtalarar på stativ).

5. Koble til kablar.

6. Slå på volum på linjene du skal bruke.

HUGS: høgt volum er skadeleg for hørsel!

NB! ON-knapp på kvar linje skal lyse når den virkar.

NB! Raud liten knapp – merka "st" (nedst på kvar linje) – skal vere nede!

Bruk same prosedyra når du slår av – men i motsett rekkjefølgje!

Dersom noko er i uorden når du kjem, eller du ikkje får det til, ring Svein på 992 25 709.

Reglar for lån av bingen

Fyresdal musikkbinge er i kommunal eige. Fyresdal kommune driftar og eig bingen og utstyret inni. Det er ikkje lov å nytte røyk, rusmidlar og mat i musikkbingen.

Lån og reservering

1. Ein kan låne bingen gratis mot å tinge tid. 
2. Ein kan tinge tid på sentralbordet, eller hjå avdelingsleiar kultur. 
3. Nøkkel må hentast på sentralbordet eller hjå avdelingsleiar kultur.
4. På klubbkveldar (onsdag og fredag) er musikkbingen reservert dei som er på klubben. Desse avtalar direkte med Svein om nøkkel.

Utstyr

1. Inni bingen er det følgjande utstyr: komplett lydanlegg med miksar, mikrofonar med 2 stativ, keyboard med stativ, bass- og gitarforsterkar, komplett slagverk, kablar, ein gitareffekt. 
2. Det står ingen gitar eller bass i bingen. Ein må ha med seg elektrisk bass og elektrisk gitar.

Oppfølging av lån

1. Det vil bli tatt regelmessige sjekkar av bingen. 
2. Dersom noko av utstyret er i uorden, vil dei som sist brukte bingen bli stilt ansvarleg. 
3. Bingen skal forlatast låst og i same stand som den var då brukarane kom.

Dersom du kjem til musikkbingen, og den er rotete og utstyret er i uorden, må du snarast melde frå til Svein på 992 25 709. Elles kan det vere du som vert stilt ansvarleg!

Lykke til!