I år er det Norgesferie som gjeld, og det vil vere mange turistar og besøkande på vegane – også i Fyresdal!

Til deg som til dømes driv innan næring, reiseliv og turisme i Fyresdal; er du «på nett» – og er informasjonen om deg der ute oppdatert?
Og til deg som ikkje er på nett – burde du kanskje ha vore der og vist fram deg og ditt produkt?

Å lage og drifte ei nettside, det krev litt arbeid, så Facebook og Instagram er veldig gode alternativ til dette!
Men – visste du at å vise seg fram på Visit Norway også er eit alternativ?

Til deg som allereie ligg ute med informasjon på Visit Norway – er informasjonen om deg oppdatert?
Og til deg som ikkje er der – kunne du tenke deg å vere der?

Ta kontakt med Svånaug på svanaug.valseth@fyresdal.kommune.no, så tek vi det derfrå!