Nettverk og nettverkskontaktar

Fyresdal kommune er med i fleire interkommunale nettverkssamarbeid:

Nettverkssamarbeid i høve personar med KOLS (Kronisk Obstruktiv Lunge Sykdom)

Vi samhandlar for di helse for å gje rett behandling – på rett sted – til rett tid. 

Bare i Telemark vert det annteke at rundt 12-14000 personar har KOLS, halvparten av desse veit truleg ikkje at dei har det.

  • Har du KOLS og er dårlig i din pust, anbefalar vi at du kontaktar din fastlege for ein hastetime.
  • Har du teke ekstra hurtigverkande inhalasjonar uten effekt og slit med å få puste – ring 113. 
  • Ved mistanke om KOLS/ASTMA, kan fastlegen henvise deg til ein lungelege på sjukehuset.

Ragnhild Bjorheim er KOLS-kontakt.

Demensnettverk - samarbeid i høve personar med demens

Hanna Kåsastul er demenskontakt.

Her kan du sjå ein rettleiar i høve demens

Palliasjonsnettverk

Telemark har eit nettverk av kontaktsjukepleierar på sjukehus, i heimesjukepleia og på sjukeheim som driftast av palliativ enhet. Fyresdal kommune er med i dette interkommunale nettverkssamarbeidet i høve kreft og palliasjon. 

Kontaktsjukepleiar:

  • Har kunnskap om kreft og lindrande behandling.
  • Kartlegg behov og fylgjer opp symptomlindrande behandling.
  • Tilbyr samtaler, råd og veiledning.
  • Bidreg med tilrettelegging i heimen.
  • Har oversikt over tilbod som kan være aktuelle for deg.
  • Samarbeider med fastlege, sjukehus og Palliativ enhet.
  • Samarbeider med kreftforeningen.

Sjukepleiar Randi Lauvrak er kreftkontakt.

Velferdsteknologinettverk

Gunn Marit Aslestad er nettverkskontakt.

Nettverk for utviklingshemma

Samarbeid i høve personar med utviklingshemming.

Interkommunalt Simuleringsprosjekt i Vest-Telemark

Kamilla M. Mogstad er kontaktperson.

Terminal pleie i heimen

Omsorg og respekt for kvart einskilt menneske er viktig i møte med ulækjeleg sjuke og døyande menneske.

Pasienten må få eit tilbod som er slik at den siste tida kan opplevast som meiningsfull. Pasienten må mest mogleg få leve slik han/ho ynskjer det. 

Det pasienten og dei pårørande ynskjer skal ha mykje å seie ved avgjerda om pasienten skal vere heime eller på institusjon i livets sluttfase. Dersom den sjuke er heime, må både pasient og pårørande få tilstrekkeleg opplæring i bruk av medisinar, smertepumpe eller andre hjelpemiddel.

Pasienten har krav på å få informasjon om personar i helsevesenet han/ho kan kontakte når det måtte vere nødvendig.