Nødvarsel er ei teneste frå norske myndigheiter.

Nødvarsel skal brukast til å varsle befolkninga om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet.

Slik fungerer det:

Nødvarsel går via mobilnettet og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område. Her vil varselet mottakast og visast på alle mobiltelefonar som er:

  • Skrudd på
  • Kopla til mobilnettet (4G/5G)
  • Kompatible (oppdatert med nødvendig programvare) for å motta nødvarsel

Dette skjer når du får eit nødvarsel:

  • Telefonen vibrerer og spelar av ein høg sireneaktig lyd.
  • På skjermen kjem det opp ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. Dersom telefonen din støttar tekst til tale kan du få meldinga lest opp.

Når du mottar eit nødvarsel, skal du stoppe opp, lese eller lytte til varselet, og fylge rådet.

Befolkningsvarsling og informasjon:

Nødvarsel på mobil er eit tillegg til dei kanalane som allereie blir bruka for å varsle befolkninga. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar, som med høg lyd gir signal om at du må oppsøke informasjon. Ved ei alvorlig hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar, som til dømes på radio, tv, nettaviser, myndigheitenes eigne nettsider og på sosiale media.

Les meir om nødvarsel på nodvarsel.no