Eg bur her og der - samtalegruppe for barn med to heimar
Når mamma og pappa ikkje bur saman lengre, dukkar det opp mange tankar og følelsar. Då kan det vere fint å møte andre barn som har opplevd det same.
Familievernkontoret Øvre Telemark tilbyr samtalegrupper for barn med to heimar.
I gruppa vil det bli snakka om vanlege tema rundt det å ha to heimar, som f.eks. det å få vite om brotet, å leve med to heimar, konfliktar, nye kjærestar og stesøsken, og meistringsstrategiar. I tillegg til å snakke saman vil det bli gjort andre ting, f.eks. å sjå film, teikne og spele spel.
Gruppetilbodet våren 2025:
- Oppstart mars/april 2025
- Totalt 6 gruppesamlingar
- Tysdagar klokka 15.00-16.30
- Maks 6 barn per gruppe
- Alder 8-14 år
- Gruppeleiarar: Hilde Skjelfoss Groven og Kristin Brekke Moore
Deltaking i gruppa føreset skriftleg samtykke frå begge foreldre.
Før oppstart vil Familievernkontoret ha ei samtale med alle foreldra for å vurdere i fellesskap om dette er eit eigna tilbod for det enkelte barnet. Etter at gruppa er avslutta har dei ei samtale med foreldra kor dei orienterer om gruppa og gjev tilbakemeldingar frå det enkelte barn.
Dersom det er aktuelt for søsken å delta, vil dei i kvart enkelt tilfelle vurdere saman med foreldra om det er best at søskena kjem saman eller går i kvar si gruppe.
Sist oppdatert