Barnehage, skule og SFO 2025/2026

Nytt barnehage- og skuleår startar måndag 18. august 2025.

Skulestart for barn fødde i 2019

Innskriving i skulen for nye elevar i 1. klasse skjer innan 15. mars 2025. Alle barn får automatisk plass i grunnskulen det året dei fyller seks år. Føresette vil få skriftleg informasjon om dette. Når føresette mottar brevet, må dei stadfeste skuleplassen eller melde ifrå dersom barnet skal flytte til ein annan kommune. Etter at barnet er innskriven i skulen, får føresette tilgang til Visma Føresettportal.

Skulefritidsordning 2025/2026

Søknad om SFO-plass i Fyresdal kommune skal sendast via Visma Føresettportal, enten det gjeld ny plass, endring av plasstype eller oppseiing. Elevar som allereie har plass, beheld denne til dei byrjar i 5. klasse. Tildeling av plass skjer i tråd med forskrifta for Fyresdal skulefritidsordning. Søknadsfrist er 15. mars 2025.

Barnehageplass 2025/2026

Søknad om barnehageplass i Fyresdal kommune skal sendast via Visma Føresettportal, enten det gjeld ny plass, endring av plasstype eller oppseiing. Barn som allereie har plass, beheld denne til dei eventuelt søker om endring eller seier opp plassen. Tildeling av plass skjer i tråd med vedtektene for Fyresdal barnehage. Søknadsfrist er 15. mars 2025.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?