Kokevarsel Fyresdal vassverk oppheva 21.02.2025
Det blei sendt ut kokevarsel til abonnentar knytt til Fyresdal vassverk 19.02.2025.
Vatnet er per 21.02.2025 friskmeldt.
Abonnentar knytt til Fyresdal vassverk treng ikkje lengre koke vatnet.
SMS er sendt abonnentane.
Kokevarsel Fyresdal vassverk 19.02.2025
Det blei sendt ut kokevarsel til abonnentar knytt til Fyresdal vassverk 19.02.2025. Kokevarselet blei sendt ut grunna vassprøver som ikkje var tilfredsstillande. Det vil bli sendt ut ny melding når vatnet er friskmeldt.
Har du fått kokevarsel?
Vi fylgjer råd frå Folkehelseinstituttet om å anbefale koking ved mistanke om at drikkevatnet kan vere forureina. Terskelen for å anbefale koking av drikkevatnet er svært låg med bakgrunn i "føre-var"- prinsippet. Ved leidningsbrot, trykkfall eller mogleg forureining er rådet å gje kokevarsel.
Alt vatn som skal drikkast må vere kokt. Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoke eit minutt. Ein vasskokar vil normalt vere tilstrekkeleg.
Sist oppdatert
