Høgsesongen for luftvegsinfeksjonar og omgangssjuke er her
Kjære alle saman!
Vinteren er høgsesong for luftvegsinfeksjonar og omgangssjuke. Nå er også influensaen godt i gang. Det er mykje smitte i omløp nå, dette merkar vi også på legekontoret.
Eg vil gjerne minne alle om enkle tiltak for å unngå smitte:
- Forsøk å unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
- Prøv å hoste/nyse i eit papirtørkle (som du kastar etterpå), eller i albogekroken dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.
- Handvask med såpe og vatn kan førebygge infeksjonar forårsaka av ulike bakteriar og virus, og er spesielt viktig før førebuing eller inntak av mat og etter toalettbesøk. Dersom såpe og vatn ikke er tilgjengeleg, er alkoholbasert handdesinfeksjon eit alternativ.
Hovudmålet med smittevern er å beskytte sårbare grupper som eldre og kronisk sjuke.
Eg ynskjer dykk ein fin (og frisk) vinter vidare!😊
Mariann Grønnestad
Kommuneoverlege
Sist oppdatert
