Ny helse- og omsorgsplan - viktig at innbyggarane tar ansvar for eiga helse og alderdom

Det finst ei rekke reformar og meldingar innan helse og omsorg som alle peikar på utfordringsbiletet kommunane står ovafor framover - demografiutfordringar og for få hender er stikkord her.

Fleire eldre, og også unge eldre, saman med stor mangel på helsepersonell, gjer at vi må planlegge og ruste oss godt for framtida. Fyresdal kommune er allereie kjent med fleire av desse utfordringane med å rekruttere kompetanse innan fleire fagfelt.

Det er behov for ein helse- og omsorgsplan som gjev sektoren tydelege mål, retning og føringar for korleis vi skal planlegge og drifte tenestene våre framover. Dette er eit arbeid vi nå har starta på og som er planlagt at skal vedtakast av kommunestyret i løpet av vinteren 25/26.

Dei økonomiske rammene til kommunen blir mindre, og vi har krav på oss til å drifte effektivt og godt. Sjølv kor god økonomi vi eventuelt må ha, så er utfordringane rundt mangel på personell og aktuell kompetanse så kritisk at det ikkje går an å kjøpe seg ut av det.

I samband med framtidas utfordringsbilete, både demografisk og ressursmessig, er det viktig at kvar enkelt innbyggar tek ansvar for eiga helse og alderdom på ein annan måte enn tidlegare.

Det er viktig at ein allereie i 50-åra tenker over:

  • Korleis bur eg? Er det ein bustad det er mogleg å bli gamal i? Er dei roma ein er avhengig av kvar dag på ei flate? Er bustaden tilrettelagt for ev. rullator/rullestol? Finst det digitale hjelpemiddel eller velferdsteknologi som det er klokt å sette seg inn i slik at ein kan klare seg best og lengst mogleg i eigen heim?

Det å planlegge bustad med livsløpstandard og rigge seg for eigen alderdom mens ein er i stand til å organisere dette sjølv, gjev forutsigbarheit og tryggleik.

Helsing leiargruppa i helse og omsorg

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?