Ny pris til Tretoppvegen

Tretoppvegen har på nytt vunne ein høgthengande internasjonal pris for inkludarende design.

International Design Award, arrangert av International Association for Universal Design (IAUD), går av stabelen i dag 28.02.2025, og då vil Tretoppvegen bli tildelt «International Design Gold Award 2024». Prisen er veldig gjæv – den blir berre overgått av «Grand Award», som Hamaren Aktivitetspark fekk tildelt i 2022.

Det er 36 deltakarar frå 9 forskjellige land med i konkurransen denne gongen. Prisutdelinga har hovudsete i Japan, men føregår på Zoom.

IAUD International Design Award er ei årleg prisutdeling der universell utforming står i høgsetet. Les meir om IAUD International Design Award 2024 på IAUD si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Prisen som blir tildelt Tretoppvegen i dag går til EFFEKT arkitekter i København, Høgde/Faun for idé og prosjektleiing og Fyresdal kommune som byggherre.

Ordførar Erik Skjervagen uttaler:

Vi er utruleg glade for og stolte over alle prisane Hamaren og Tretoppvegen får. Både parken med universelt utforma turvegar og Tretoppvegen er ein stor suksess med mange besøkande.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?