Invitasjon til medverknadsmøte 25. mars – Dagsturhytte i Fyresdal
Vil du vere med og påverke kvar og korleis Fyresdal si dagsturhytte skal bli?
Telemark fylkeskommune starta arbeidet med etablering av dagsturhytter i Telemark hausten 2023, og Fyresdal har vedteke å jobbe vidare for å få på plass ei dagsturhytte.
I staden for å bygge nye hytter, vil eksisterande bygg som løer, naust og uthus bli sette i stand til formålet. Telemark fylkeskommune legg vekt på at gjenbruk av bygningar, spesielt dei med kulturhistorisk verdi, er viktig for eit berekraftig prosjekt.
Vi ynskjer dine innspel! Meld deg på her eller ta kontakt for å dele dine tankar.
📅 Dato: 25. mars, kl. 18.00–20.00
📍 Stad: Roan, Fyresdal Næringshage
Meld deg på via skjemaet: https://forms.office.com/e/CVkeQr5GBi Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
📩 Kontaktinformasjon: sunniva.slyngstad@fyresdal.kommune.no
Sist oppdatert