Kurs i kvardagsglede for dei over 60

"Hverdagsglede" er eit evidensbasert kurs basert rundt dei fem viktigaste aktivitetane som kan bidra til å fremje god psykisk helse og gje deg ein betre livskvalitet. Fem kursdagar og kvar økt varar i ca. 2 timar.

"Hverdagsglede" er utvikla av Rådet for psykisk helse. Kurset er eit samarbeid mellom Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark og Kviteseid kommune, og haldast av Toril Aasmundstad og Elise Foldøy.

Kurset er i denne omgang eit tilbod til dei over 60 år og busett i Vest-Telemark. Det er plass til 15 personer på kurset, så her er det første mann/kvinne til mølla! Meld deg på og få eit løft!

Du er velkomen til å ta kontakt på telefon eller e-post for påmelding eller spørsmål:

Kursdatoar:

  • 22.04.2025 kl. 09.30–11.30 Kursstart
  • 29.04.2025 kl. 09.30–11.30
  • 06.05.2025 kl. 09.30–11.30
  • 15.05.2025 kl. 09.30–11.30
  • 20.05.2025 kl. 09.30–11.30 Kursavslutning

Stad: RPH, Brøløsvegen 47, 2 etg. Seljord

Kurset er gratis.

NB. Ny påmeldingsfrist: 8. april!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?