Vil du selje produkta dine i lokalbua til sommaren? Kom på infomøte 24. mars
Lokalbua i 2024 blei ein suksess, og Fyresdal kommune ynskjer å legge til rette for at det blir ei lokalbu også i 2025!
Høgde AS er engasjert av Fyresdal kommune for å starte organiseringa, og inviterer til eit informasjonsmøte i Fyresdal Næringshage måndag 24. mars kl. 17.00–18.30.
Nytt av året:
Evalueringa frå 2024 viste at det er behov for ein koordinator blant aktørane som har varer i bua. På møtet vil vi difor diskutere dette og prøve å finne ein eller to personar til rolla som lokalbukoordinator.
Formålet med møtet:
✅Gje ei kort innføring til nye aktørar som vurderer å bli med
✅Avklare kven som ynskjer å bli med
✅Diskutere koordinatorrolla
Konseptet blir som i fjor – dei som deltek med varer i lokalbua, må ta vakter i butikken og bidra til organiseringa.
Har du lokalmat, handverk, kunst, strikkaplagg, knivar, trearbeid eller andre unike produkt? Då vil vi gjerne ha deg med!
Påmelding til møtet:
Ta kontakt med Birgith Reinskås Lunden i Høgde på sms eller e-post: 90 74 84 18 / birgith@hoegde.no.
Ta kontakt om du ynskjer å bli med i organiseringa, men ikkje kan delta på møtet.
Tips gjerne andre produsentar i Fyresdal – vi håpar å sjå deg på møtet!
Sist oppdatert
