Heim for ein 50-lapp – ny prøveordning for 2025
Ungdomsrådet har vedtatt ei ny prøveordning for «Heim for ein 50-lapp». Prøveordninga gjeld frå 01.04.2025 og ut året.
Ungdommen kan i løpet av denne prøveperioden bestille drosje til seks ulike arrangement i Fyresdal (innanfor kommunegrensa). Ungdommen avtaler direkte med drosjenæringa, som held oversikt over totalt antal turar.
Ved bestilling av drosje til det enkelte arrangement må ungdommen kunne seie noko om antal besøkande på arrangementet og det må vere minst 10 personar som treng transport. Drosjenæringa vurderer sjølv om dei kan stille på det enkelte arrangement eller ikkje.
Den aktuelle aldersgruppa er 16-25 år, men yngre kan også køyre med.
Turane bør bestillast så tidleg som mogleg for å sikre at drosja er tilgjengeleg den aktuelle dagen. Når avtalen er gjort, kostar turen kr 50,- per person.
Kontakt Fyresdal Taxi på telefonnummer 95 30 35 00.
Sist oppdatert
