Telenor oppgraderer mobilnettet
Telenor oppgraderer mobilnettet slik at fleire får tilgang til 5G og endå betre kapasitet på 4G.
Oppgraderinga skjer ved at basestasjonane blir oppgraderte. I området som ein basestasjon dekker, vil det under oppgraderinga vere lågare kapasitet og i perioder ingen dekning. Dette gjeld berre i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ein annan basestasjon.
Under ser du kartutsnitt av området som vil kunne oppleve periodevis redusert kvalitet eller manglande dekning i samband med arbeidet.
Oransje = kapasiteten kan bli redusert
Rosa = dekninga kan forsvinne heilt
Arbeidet som Telenor her viser til startar 25.03.2025 og er forventa ferdig 04.04.2025.
For meir informasjon om dekning og utbygging frå Telenor, sjekk ut www.telenor.no/dekning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
