Bruk hjelm når du syklar og vis hensyn når du køyrer

Kjære syklist – gamal eller ung – bruk sykkelhjelm!

Sykkelhjelm er ein enkel, men effektiv måte å beskytte deg sjølv på når du syklar. Hovudskadar kan vere alvorlege og livstruande. Ein sykkelhjelm kan redusere risikoen for hovudskadar betydeleg ved å absorbere støt og beskytte hovudet mot direkte slag. Sjølv mindre ulykker kan føre til alvorlege skadar dersom du ikkje brukar hjelm.

Mange hjelmar har reflekterande materiale eller lys som kan gjere syklisten meir synleg for bilistar. Ved å bruke hjelm viser du også ansvar og set eit godt eksempel for andre.

Kjære bilist – gamal eller ung – vis hensyn til syklistane!

Bilistar og syklistar delar vegen, og det er avgjerande at begge partar viser hensyn for å sikre alles tryggleik.

Hald trygg avstand når du passerer syklistar. Dette gir syklisten nok plass til å manøvrere og reduserer risikoen for ulykker. Ein generell regel er å halde minst 1,5 meter avstand til syklisten.

Ha ein forutsigbar køyrestil og unngå plutselege manøvreringar som kan overraske syklisten. Bruk blinklys, og ver merksam på syklistens signal.

Trafikktryggleik er eit felles ansvar.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?