Retningslinjer for sal i Hamaren

For å drive med sal i Hamaren, må de sende inn ein enkel søknad via e-post. For informasjon kring innhald i e-posten, sjå «Innhald i søknad» litt lenger ned.

Kven kan søke?

Det er berre ideelle aktørar, med unntak for barn under 16 år, som kan få løyve til å drive med sal i Hamaren. Dette omfattar:

  • Idrettslag
  • Skuleklassar
  • Foreiningar
  • Andre ideelle organisasjonar
  • Barn under 16 år (sjå eigne krav under)

Det er ikkje tillate for bedrifter, privatpersonar over 16 år, eller organisasjonar med eit religiøst føremål eller som driv religiøs forkynning å drive sal i Hamaren.

Kva kan seljast?

Mat, bakst og drikke.

Det er ikkje tillate med sal av forbruksartiklar som dopapir, bakepapir, sko, kalendrar o.l.

Hygiene, straum, avfallshandtering og plassering

  • Området skal ryddast etter bruk. Send eit bilete av plassen etter at de er ferdige. Ved manglande rydding blir det fakturert eit gebyr på kr 1500,-.
  • Det er ikkje straumforsyning. Ein må sjølv stille med bod eller salsutstyr.
  • Søppelet skal kastast ved miljøstasjonane, ikkje i søppelkassene i eller ved Hamaren.

Begrensingar for sal

  • Maks ein dag i helg per månad per aktør.
  • Maks fire kvardagar per månad per aktør.
  • Dersom det er ledige datoar ei veke i forvegen, kan aktørar som allereie har brukt opp kvoten, søke om fleire dagar.

Innhald i søknad

Følgande informasjon sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no:

  • Namn på kontaktperson (ansvarleg)
  • Telefonnummer til kontaktperson
  • Namn på foreining/organisasjon/barn under 16 år
  • Dato(ar) de skal selje
  • Kva de skal selje
  • Kva inntektene skal gå til
  • Kor i Hamaren de skal stå

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?