Vil du vere med i Lokalbua 2025?

Nå inviterer vi alle lokale produsentar og handverkarar til å bli med på Lokalbua 2025 – eit fellesskap der du får moglegheit til å selje eigne produkt, vere ein del av eit unikt handelsmiljø og styrke lokalsamfunnet gjennom samarbeid og felles innsats!

Nytt av året:

Annbjørg Haug blir lokalbukoordinator og vil vere bindeledd og praktisk støtte for produsentane gjennom sesongen.

Kva får du som produsent?

  • Fysisk salgsplass i eit fellesskap av lokale aktørar
  • Fyresdal kommune dekker husleiga
  • Marknadsføring gjennom kommunen sine kanalar
  • Eksponering mot både fastbuande og turistar
  • Moglegheit til å bidra til eit positivt og levande sentrum i sommarmånadane

Kva forpliktar du deg til?

  • Stille på eit visst antal vakter og selje både eigne og andre sine varer
  • Vere med på nedrigging av butikken ved sesongslutt
  • Betale kr 500,- i koordinatoravgift

Lokalisering:

Butikken blir plassert i sentrumsbygget (det gamle Heimleg) og held ope frå 7. juni til 31. august 2025

Så langt har 11 aktørar meldt seg på!

Men vi håpar på fleire – til fleire vi er, til færre vakter må kvar enkelt ta, og meir vil vi kunne få vist fram. Frist for påmelding er 21. april 2025. Send e-post eller melding: birgith@hoegde.no | 90 74 84 18. Ta kontakt om du lurar på noko.

Det blir eige planleggingsmøte med oppsett av vaktliste, informasjon og praktisk organisering når deltakarlista er klar. Tid og stad kjem snart!

Vil du vere med i Messengergruppa? Gje beskjed, så legg vi deg til!

Har du tips til kven som burde bli med i Lokalbua 2025? Del det gjerne vidare!

God påske!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?