Ferie for alle!

Røde Kors arrangerer kvart år ulike ferietilbod for barnefamiliar.

Opphalda er som fylgjer:

Straand Hotel i Vrådal 23.-27. juni:

  • Eigen barneinnsjekk ved ankomst for barna med utdeling av gåvepose
  • Ulike utandørsaktivitetar
  • Bading i badehall
  • Barnevenlege middagar og dessertar
  • Barnefilm i minikinoen med gratis popcorn
  • Besøk av maskoten Piccolo
  • Leikerom, bordtennis, biljard, Nintendo Wii
  • Aktivitetar i Trolleskogen

Skien Fritidspark 23.-27. juni:

  • Bading
  • Klatring
  • Leik i fleirbrukshallen
  • Leik utandørs i aktivitetsparken

Haraldvigen Røde Kors-senter 11.-15. august:

  • Bading og bryggeliv
  • Fiske
  • Kanopadling
  • Klatring
  • Natursti
  • Fotball
  • Volleyball
  • Utandørsleik

Kriteria for å søke er som fylgjer:

  • Familiar som har levd med økonomiske utfordringar i Noreg i tre år eller meir
  • Familiar som har minst eitt barn i alderen 6-13 år
  • Familiar som ikkje skal delta på tilsvarande ferietilbod
  • Familiar som klarar seg utan tett oppfylgjing frå våre frivillige (det er mogleg for familien å ha med eigen assistent på opphaldet)

Frist for å søke er 9. mai!

Dersom dette er noko for din familie, ta kontakt med helsestasjonen på 94 84 06 68 / 47 88 62 70 eller hege.johannesen@fyresdal.kommune.no / nina.breivik@fyresdal.kommune.no. Og så sender vi gjerne ein søknad for dykk!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?