Lønstilskot til sommararbeid for skuleelevar 2025

Hugs å søke kommunen om tilskot innan 20. mai!

Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Fyresdal. Private eller offentlege verksemder, eller private personar i Fyresdal, som tek inn
skuleungdom frå Fyresdal som er mellom 16 og 19 år i kalenderåret får eit lønstilskot på:

  1. 50 % av utbetalt timeløn, maks kr 65,- pr. time for arbeidstakarar mellom 16 og 19 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon. Siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. oktober. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt.
  2. Verksemder søker kommunen innan 20. mai om å ta inn namngjevne personar. Det kan godkjennast inntil 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Kommunedirektøren godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet.
  3. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til ungdom i eigen familie, dvs. born og borneborn. Dette gjeld ikkje for næringsdrivande som er registrerte i arbeidsgjevarregisteret.
  4. Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar.
  5. Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane.
  6. Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av innvilga tilskot.
  7. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til lag og organisasjonar.
  8. Arbeidsgjevar må avklare med arbeidstakar om vedkomande skal arbeide for annan arbeidsgjevar i tillegg. Der dette er aktuelt må arbeidsgjevarane bli samde om fordeling av 150 timar.

Søknadsskjema finn du under "Skjema" - klikk på plussteiknet.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?